Lene Therese Teigen
AMERIKABREVA





Ein koffert. Nokre gamle brev. Ei røyst som byrjar å fortelje.
​
AMERIKABREVA startar som eit foredrag om unge kvinner som reiste frå Noreg til Amerika rundt 1900. Men når ein Amerika-koffert plutseleg dukkar opp, vert forteljinga meir personleg. Oda sine eigne slektsminne om to systrer frå Dale som reiste til Chicago, viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet. Dei som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i norsk utvandringshistorie. Med dette utgongspunktet speglar framsyninga òg vår eiga tid, der menneske framleis må bryte opp og søkje nye heimar.
KUNSTNARLEG LAG
Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen
Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy
Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig
Med på mobil frå Chicago: Rene Fulton
Rekvisitør: Ada Hesjevoll
Fotograf: David Zadig
Produsert av Aldeles Alisøy i samarbeid med Teater Vestland, med bidrag frå Vestland Fylkeskommune, Fond for Utøvende Kunstnere, Stiftelsen Fritt Ord, Fond for Frilansere, Preform, Oslo Teatersenter og kunstnarane.
​
Amerikabreva er produsert på bestilling frå Vestland Fylkeskommune i forbindelse med Utvandrarjubileet 2025.
URPREMIERE 27.SEPTEMBER 2025 PÅ TEATER VESTLAND
DKS- og DKSS-turné i Vestland fylke hausten 2025

